Dei inviterte er representantar frå studentdemokratia ved høgskulane og universiteta, frå velferdstinga, Norske Fagskolestudenter, Norsk studentorganisasjon og ANSA (Association of Norwegian Students Abroad).

Dette er det niande året toppmøtet blir halde.

Statsråd Eileen Fugelsnes opnar møtet og vil halde ei innleiing om regjeringa si satsing på studentar og høgare utdanning. I tillegg vert det fleire innlegg og debatt om mellom anna kva kunstig intelligens gjer med høgare utdanning, og korleis skape gode læringsmiljø på campus.

Tid: Tysdag 1. desember 2026, kl. 10.00 – 14.00 (registrering frå kl. 09.30)

Stad: Regjeringa si representasjonsbustad, inngang Parkveien 45, Oslo

Presse: Pressa må ta med pressekort og gyldig ID (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort). Fotografar som har TV-kamera må avtale skanning på førehand.

Påmelding: Presse som ynskjer å vere til stades må melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Hong Pham, hong.pham@kd.dep.no, tlf. 911 35 990.

Fullstendig program ligg her: Program Studentpolitisk toppmøte 2026.pdf

Arrangementet blir ikkje strøyma.